Attende til hovudsida

Klatring i Jostedalen

Attende til hovudsida

I Jostedalen kan du klatre alt frå 5 taulengdes ruter på 7+ til 10 m 3+ !
På Stegagjerde er det 25 meters sportsklatring på boreboltar og nokre naturlege ruter. Det er stort potensiale for nye ruter, viss nokon gidd å pusse litt... Nivået varierar frå 3 til 7.

Klatrefeltet på Mannen er for dei som foretrekker høgfjellsklatring. Veggen er omlag 100 m høg og rutene er på 2-3 taulengder. Frå 4 til 7-. Utsikten frå toppen er ganske unik. Med Jostedalsbreen sine bratte brearmer mot vest, til Hurrungane sine tindar mot aust.
Om vinteren er det mykje god klatring her! Når fossane er frosne til is, er det eit eldorado for fosseklatring.


Sperløyane

Feltet vart etablert sommaren 2004. Sperløyane er lokalisert omtrent 10 minuttar frå Gjerde, like ved det berømte "Gulhuset". Craget inneheld til no 6 etablerte sportsruter, eit par prosjekter, ei drytooling rute, tekniske bestege riss, naturleg sikra linjer og masse flott buldring. Graderinga ligg frå 5 til 8-.  Vegghøgda er frå 8 -10 meter. Buldringa er endå ikkje gradert, men det finst utval av bulderproblemer i begge ender av graderingsskalaen. Stort potensialet for mange nye bulder. Grunna begrensa tilgang på klippe er det sannsynlegvis ikkje potensial for så utruleg mange fleire sportsruter, men noen finst det. Med dalens kortaste anmarsj på ca 10 sekundar, er det ingen grunn til å ikkje besøke dette koselege feltet.

Velkomen!

Førar her...

Ormberg


Gode gamle Maggies får ein omgang oppussing i haust. Til no er 4 ruter bora ferdig og nye topptaufester vert laga. Potensiale for mange ruter utover hausten!

"Ungdomen" er igang...






Stegagjerdet

Dei fyrste rutene på Stegagjerde vart gått på topptau i '95 nederst i feltet. Sommaren '96 vart det gått omlag 10 nye øverst i feltet, ei rute vart bolta, mens dei andre rutene fekk snufeste på toppen. Feltet har pr oktober 2007 omlag 34 ruter.

Feltet har lett adkomst frå riksveg 604 omlag 3 km frå Gaupne. Parker bilen/sykkelen ved tunnelinnslag. OBS! Ikkje sperr inngangen! Frå svingen følg ein stølssti 10 min opp til feltet.
Det er stort potensiale for mange nye ruter, men ta kontakt før boring av nye boreboltar/snufeste!


Mannen


Fjellklatring med ruter på tre taulengder. Parker ved enden av Vanndalsvatnet og følg varda sti opp til feltet.







Rutene på Mannen

Klatrebilete frå Jostedal